Etterlyser gamle bilete til drilltroppen si 50-årsmarkering


Har du liggjande bilete frå drilltroppen i Høyanger si 50 år lange historie? I så fall vil Camilla Eide gjerne høyre frå deg.

– I år er det 50 år sidan Høyanger fekk sin eigen drilltropp, og det har vi tenkt å markere. Det skjer ikkje før i oktober, men vi har starta planlegginga, og det vi treng allereie no er gamle bilete som viser aktivitet som har vore i opp gjennom åra. Dei kjem vi til å bruke når vi skal markere det heile i Høyanger samfunnshus laurdag 26. oktober, seier Camilla Eide.

Der vil også gamle uniformar få sin plass, utan at ho vil gå for mykje i detaljar om den enno.

– Vi går ut med meir når det nærmar seg, seier ho og smiler.

Fire generasjonar

Det var faktisk mormor hennar, Asta Eide som starta det heile, gjennom Mødreklubben som ho var formann i. Ho fekk med seg Olav Norevik og Andrid Solaas som instruktørar. Det var i 1969, og dei som var med i første troppen var Bodil Hagen, Trude Johannessen, Gro Øren, Bjørg Marifjæren, Aslaug Storum, Heidi Aase, Eli Siv Eide, Randi Rusti, Birte Saanum, Hilde Norevik og Siv Irene Kvamme.

– Uniformar var eit stadig tilbakevendande tema, og det enda med at dei fekk ein lærar på yrjkesskulen til å teikne og klyppe stoffet til kjolane. Men det var mødrene sjølve som måtte sy dei, noko som for enkelte vart ei traumatisk oppleving. Det står i alle fall å lese i jubileumsboka til Høyanger skulemusikk, som vi har samarbeidd tekt med heile vegen. Men uniformar vart det. Sidan har dei blitt skifta ut med jamne mellomrom, seier Eide.
Sjølv byrja ho i «nye» drilltroppen tidleg på 1980-talet, og var med til ho reise frå Høyanger 12-13 år seinare. I denne perioden var også mor hennar, Bente Lill Eide, med blant anna som drillansvarleg.
– Etterpå har også dotter mi, Tuva Eide Fimreite, vore med. Det vert fire generasjonar, det, seier ho og smiler.

Tidlegare drillarar

Elles når det gjeld jubileet er ho også interessert i å få kontakt med tidlegare drillarar. Ho håpar mange av dei har tid til å vere med når det skal markerast.

– Kanskje er det oigså nokre som kan tenkje seg å vere med og hjelpe til. Det håpar vi i alle fall, seier ho, og ber om å ta kontakt med ho på epost-adressa [email protected]. Dit kan også gamle bilete sendast.

Opp gjennom åra har det vore forskjellige uniformar. Den som Camilla Eide viser fram her vart brukt på 1980 og -90-talet.