Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. september 2020
Ytre Sogn 18. september 2020

Etter månader utan kampspel på grunn av koronasituasjonen var det måndag kveld klart for treningskamp mellom IL Høyang sitt J15/17-lag og Lavik IL sitt J13/14-lag på Vaimbly stadion i Vadheim.

Etterlengta kamp for jentelaga til Lavik og Høyang

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 21. august 2020

Etter månader utan kampspel på grunn av koronasituasjonen var det måndag klart for møte mellom IL Høyang sitt J15/17 lag og Lavik IL sitt J13/14-lag på Vaimbly stadion.

Det var jentene frå Lavik som dominerte i starten, og etter om lag fire minutt fekk dei første nettkjenninga med flott skot frå Hannah Fetzer Torvund. Men utover i kampen auka sjølvtilliten til laget til Høyang sakte men sikkert, og i løpet av omgangen utlikna dei først, og gjekk sidan opp i 2-1-leiing. Måla vart sett inn av Marie Austreim Olsen og Vilja Stølen Kamonene. 



Sjølv om kampviljen til spelarane på Lavik framleis var der, pressa Høyang på og hadde full kontroll i andre omgang. Midt i omgangen skåra Austreim Olsen andre målet sitt og avgjorde med det kampen som enda 3-1 til Høyang.


Hannah Fetzer Torvund (13) og dei andre jentene på Lavik tykte også var det kjekt å spele kamp.



-Det har vore veldig kjedeleg ikkje å få spelt kampar på ei stund, men vi har forsøkt å halde motivasjonen oppe på trening, og det har gått bra, seier dei og smiler.



Jentene på Høyang fortel det same.



-Det har vore lenge å vente, men motivasjonen har vore at vi skal få spele kampar igjen. Så det å vere i gang igjen er utruleg gøy, seier dei til Ytre Sogn.



Les meir i siste Ytre Sogn! 


På grunn av varmen måtte det fleire drikkepause til under kampen,
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord