Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

Allereie i juni 2021 skal nybygget på 1000 kvadratmeter stå klart.

Etablerer næringspark på Mjømna

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 6. oktober 2020

Entreprenør Frode Kversøy har signert avtale med HTB frå Osterøy om bygging på Mjåsundet Næringspark. Allereie juni 2021 skal nybygget på 1000 kvadratmeter stå klart.


– Tanken er at mindre bedrifter kan danne eit miljø som kan levere til industrien i ytre Gulen og då særleg til havbruksnæringa. Det kan vere elektrikarar, mekanikarar eller konsulentar som med dette bygget vil sitje midt i smørauget for slike leveransar, seier Frode Kversøy, gründar og dagleg leiar i Kversøy Maskin, i ei pressemelding


Røyrleggjarselskapet Hjelmås VVS og Regnskapskontoret Knarvik har allereie teikna leigeavtale i nybygget som skal romme både kontor og lagerlokale.

Auka oppdragsmengde

-Hjelmås VVS AS har den siste tida fått auka arbeidsmengde i Gulen og Masfjorden, og har vore på utkikk etter eit passande lagerlokale i området, seier Alv Inge Hagesæter i Hjelmås VVS og legg til: -Det gjer at vi på ein endå bedre måte kan yte service til lokalsamfunnet.


Også daglig leiar i Regnskapskontoret Knarvik, Yngve Kversøy, ser fram til å etablere seg på Mjømna.

-Vi opplever auke i oppdrag i regionen og ser føre oss at dette kan bidra til vekst, samtidig med at det kan gi sysselsetting lokalt, seier han.

I arealplanen som ligg til grunn for næringsbygga Kversøy fører opp på Mjømna, har også Firda Seafood planlagt eit settefiskanlegg med ei kostnadsramme på 500 millionar kroner, med eit potensiale for 20 nye arbeidsplassar. Byggestart for dette anlegget er utsett på grunn av usikre rammevilkår.

-Ligg midt i leia

Kversøy føler seg imidlertid trygg på at havbruksnæringa vil fortsetje veksten og at næringsparken på Mjømna vil vere eit knutepunkt for selskap som leverer tenester til denne næringa.

-Mjåsundet Næringspark ligg midt i leia for havbruksnæringa både om ein ser sørover mot Bergen og nordover mot Florø. Langs indre lei kjenner eg ikkje til andre industriområde som rettar seg mot denne næringa, seier han.

Men planene hans stoppar ikkje ved nybygget på 1000 kvadratmeter. Totalt regulert areal er 400 mål, og 22 av desse er allereie planert og klargjort med all infrastruktur.

-Her ønsker eg å setje opp kontorfasilitetar og riggar for mellombels overnatting i periodar det er større behov enn det som finst i lokalmiljøet, seier Kversøy og fortel om vesentlege førespurnader frå arbeidarar som er på jakt etter mellombels overnatting.


-Mjåsundet Næringspark ligg midt i leia for havbruksnæringa både om ein ser sørover mot Bergen og nordover mot Florø, seier Frode Kversøy.
 (Pressefoto)
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord