Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Dette er det kjekkaste eg nokon gong har vore med på, seier Erling Berge, som er ein av dansarane i teaterstykket «Eg er i går».

Erling dansar historia

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 25. oktober 2018

Erling Berge er ein av fem dansarar frå Sogn som er med i teateroppsetjinga «Eg er i går». Den 6. november kjem Sogn og Fjordane teater til Høyanger, og Erling gler seg over at han får ta del i ein stor produksjon med omlag 55 involverte personar.

–«Eg er i går» er den største produksjonen til Sogn og Fjordane teater nokon sinne. Det sa Erling Berge når Ytre Sogn møtte han i Førdehuset denne veka. –Vi har intense øvingar no når det nærmar seg premierdato. Stykket har urpremiere i Førdehuset 27. oktober, men vi som er dansarar frå Sogn startar først i Høyanger samfunnshus 6. november.

Les meir om «Eg er i går» i Ytre Sogn fredag

Dei fem dansarane frå Sogn, (f.v.) Erling Berge, Marit Aafedt Fjærestad, Gunvor Grov, Sigrun Vigdal, Arne Fossøy og koreograf Hilde Sol Erdal.
Pressefoto: Johan Moen

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord