Lokale nyhende frå Ytre Sogn 1. juni 2020
Ytre Sogn 1. juni 2020

«Gråberget kan bli vår eigen Preikestol» skriv Bodil Taule Rørvik frå Høyanger i innlegget sitt. (Foto: Privat).

Er det spektakulært nok?

Bodil Taule Rørvik, lærarstudent | Publisert: 14. mai 2020

3 av 4 nordmenn planlegg norgesferie i 2020 (Norstat, 2020), noko eg trur vil vere ein unik moglegheit for Høyanger, både no, men også i åra som kjem. Som student i Bergen lengtar eg ofte heim til bratte fjell og unik natur. Eg snakkar ofte opp den lille bygda mi, til både kjente og ukjente. Sjølv veit eg om dei mange fine og spektakulære moglegheitene som finst her, men kva med alle andre? 

Eg vart utruleg glad då eg las i Ytre Sogn om idéen om sherpatrapper i Dalen til Nova. Dette vil moglegvis gjere naturen meir tilgjengeleg for endå fleire, og eg tykkjer det er flott at nokon vil satse. Eg trur likevel at for å kunne stoppe opp fleire turistar, treng vi noko som er hakket meir spektakulært. Gråberget, med sin unike utsikt, er noko som skil seg ut frå alt anna vi har i Høyanger – og kan bli det eine trekkplasteret alle snakkar om. Vi har allereie fantastiske trapper i Dalen og ved Hydro, som i seg sjølv er spektakulære. Ville det ikkje då vore betre å rusta opp ein sti som vert lite brukt, og satse på eit område som er ukjend for mange? Draumen hadde sjølvsagt vore å få til begge deler.



Eg veit også at det er aktuelt å rive trappene i Høyanger, der sherpatrapper sjølvsagt ville vore eit flott alternativ. Men burde vi ikkje heller kjempa for å behalde dei trappene som er, og satse på eit område som i endå større grad skil seg ut frå det som allereie finst? No skal det seiast at dette er eit bratt og mogleg rasutsett område, noko eg ikkje har kunnskap om. Mitt poeng er derimot at Gråberget bør bli vurdert som ein mogeleg sherpasti. Når andre bygder får det til, må vi klare det same. Sjå på Keipen i Balestrand, Fykantrappa i Glomfjord, Reinebringen i Lofoten, Rampestreken i Åndalsnes, Helgelandstrappa i Nordland og Stegastein i Aurland. Sett Høyanger på kartet! Kva med eit utsiktpunkt på toppen laga av aluminium, med innslag av vår eigen Tell Teigen? Eg trur at for å stoppe opp turistane må målet vere endå meir luftig, unikt og spektakulært. Det må vere ein tur alle vil gå. Gråberget kan bli vår eigen Preikestol. 

Sherpatrapper vil moglegvis bli noko optimistisk for sommaren 2020, men eg meiner likevel det er mykje som kan gjerast med koronaåret som bakteppe. Eg veit sjølv om dei mange attraksjonane som finst her, men kva med alle andre? Korleis skal ukjende forbireisande vite at Høyanger er ei unik industribygd? Korleis skal dei vite at vi har enorme turmoglegheiter berre få minutts køyring opp i fjellet? Det må skiltast! Stiar må ryddast, og merkast i større grad.  Vi må informere om at her finst det museum, symjehall, kafear og hotell. Slik kan ein også fange dei turistane som i utgangspunktet ikkje hadde tenkt til å stoppe opp. Kva med å opprette ein eigen emneknagg? Kva med å få ein ambassadør for bygda, som kan promotere den med bileter frå alle desse spektakulære stadane? Kva med ein parkeringsplass for bubilar? Set opp skilt og banner som gjer det lett å bli fanga, og opne augo til dei som kjem køyrande. Bruk sosiale media for alt det er verdt, og vis kva vi har å by på. 



Eg meiner at Høyanger på lang sikt kan bli ei unik aktivitetsbygd som byr på moglegheiter for både store og små. Kva med å byggje eit Via Ferrata (her er jo Sommarstien eit godt val), klartrepark og zip-line? Kva med å invitere investorar som kan vere villige til å satse pengar i dette? For det handlar sjølvsagt om pengar når det kjem til stykket. Det som for oss er kvardagen, er for tilreisande unikt og spektakulært. Moglegheitene ligg bokstavleg talt rett framfor oss, og noko eg meiner det bør investerast i. Dette kan vere ein vinn-vinn-situasjon som kan skape arbeidsplassar, trekke studentar og andre heim, og vere til fordel for næringslivet. Det handlar om å vere kreativ, tenke smart, og vere handlekraftig, for det er no vi har moglegheiten, og den må gripast. For om ikkje vi kan, kven kan då? Og om ikkje no, når då? 



Sats på naturen, Høyanger!

#gøyihøy 

⇐ Til framsida
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord