Endeleg var Siri i mål


Etter ni tøffe år der ho har kombinert medisinstudier med toppfotball nådde Siri Nordeide Grønli (34) målet sitt - å bli godkjent lege.

Den 1. september startar eit nytt kapittel for Siri. Då tek ho til som turnuslege på sjukehuset i Bærum. Ytre Sogn møtte den meritterte Høyanger-jenta på skuleplassen ved Høyanger skule, i det som vart kalla vinnarkroken.

–I friminutta var heile klassen her inne i skuret med ryggen mot veggen. Greia var den at vi måtte bruke olbogen til å «jekke» oss forbi dei andre for på den måten kjempe oss til plassen innerst i kroken der berre vinnaren fekk stå, forklarar Siri og ler når tankane går attende til den tida.

No er det tre legar i familien Nordeide Grønli; Siri (f.v.), Line og Gry. (Foto: Privat)

Reidar Grønli og Anne Sissel Nordeide fekk ein hat-trick med døtrene sine. I tillegg til Siri har også dei to yngre søstrene, Line og Gry, utdanna seg til lege.

Les meir i Ytre Sogn