Endeleg opning på Siplo


Onsdag kveld kunne endeleg Siplo-gjengen invitere til opning. Då var det kveldskøyring.

Oppmøtet var upåklageleg. Dei røynde i skimiljøet samanlikna oppmøtet med påska. Det er tydeleg at nedoverski er ein aktivitet som fengjer alle aldersgrupper. Her var folk frå 2 år og oppover. No håpar driftsleiar Jan Milde at meldingane held seg framover. Gjer dei det kan det bli endå meir pudder på Siplo når det igjen er kveldskøyring i kveld, og når det er opent både laurdag og søndag. Milde fortel at det siste året er det lagt ned mange hundre timar i modernisering og vedlikehald av skiheisen.

- Vi har gått over heile signal-anlegget, og har fått på plass moderne overvakning av heile systemet. No kan vi i mykje større grad enn før sjå når, kva og kor feil oppstår. Arbeidet er ikkje fullført enno, men vi er veldig godt i gang. Slik tilstanden har vore på heisen no har vi ofte fått problem med veromslag. Med arbeidet som no er iverksett, vil heisen gå mykje meir stabilt. Så no håpar vi det gode oppmøtet held seg ut sesongen, seier Milde