Endeleg kunne Marita og Adrian opne treningssenteret igjen


Denne veka kunne Marita Aasen og Adrian Breidvik endeleg opne treningssenteret sitt i Høyanger igjen. 

- Det er godt at det er aktivitet her, seier ei letta og blid Marita Aasen og fortel at det har vore eit jamn straum med folk sidan dei opna.

Som andre treningssenter rundt om i landet, vart også treningssenteret i Høyanger tvinga til å stenge dørane på grunn av pandemien. 


- Det var veldig nervepirrande i verste koronaperioden, og eg var redd vi berre måtte legge ned alt. Det var største frykten, fortel Aasen.


Breidvik fortel at det kunne ha gått langt verre med dei om dei ikkje hadde god økonomi frå før av.


- Det er overskotet vi har mista, så vi har greidd oss greitt, seier han.
Nedgang i medlemstal
Sjølv om nokre har meldt seg inn i koronatida for å støtte opp, har dei også mista mange medlemmar. 


- Vi har mista litt over 100 medlemmar i tidsperioden januar - mars, seier paret. 
Dei hadde kring 350 medlemmar før koronapandemien slo ut for fullt. Sidan måndag har dei fått 10 nye medlemmar.


- Vi forventa ikkje så alt for mange nye medlemmar no sidan vi ikkje har eit tilstrekkeleg tilbod, med tanke på plassmangel, seier dei.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!