Endeleg kom sigeren for damelaget


Heimekamp og gras under føtene var det som skulle til for IL Høyang sitt damelag. Lokaloppgjeret mot Balestrand enda 3-1 etter to kanonskot frå dagens Høyang-spela Guro Sagen Knudsen og eitt mål av ei småsjuk Agnete Hjelmeland Ørnehaug.

Agnete Hjelmeland Ørnehaug sat på benken heile første omgang, vel vitande om at ho ikkje skulle spele kampen fordi ho var sjuk. Så vart ho rastlaus, heiv seg i bilen og køyrde heim på Dale og henta skoa. To minutt etter at trenar Thomas Frichsen sendte ho ut på bana auka ho leiinga frå 2-0 til 3-0 etter eit flott gjennomspel frå Camilla Ueland Komperud.

Les meir om kampen i Ytre Sogn laurdag