EM-sølv til Viktor Hovland


Viktor Hovland (18), med røter i Vadheim, enda til slutt på andreplass i EM for amatørar i golf, etter eit spennande omspel.

Han og italienske Luca Cianchetti kjempa mot kvarandre gjennom heile finalerunden i European Amateur Championship, i det som er ei av verdas mest prestisjefylte amatørturneringer i golf. Før det siste holet leia italienaren med eitt slag. Men då han avslutta med bogey og Hovland gjorde par, var begge 16 under par totalt. Spelarane måtte dermed gjere opp om sigeren i eit omspel over tre hol. Men heller ikkje der kom det noko avgjerd, og dei to fortsette i eit «sudden death»-omspel. Først på det sjuande holet fell avgjerda, til italienaren sin fordel.

- No er eg veldig nøgd med sølvmedaljen. Men eg var veldig skuffet rett etter tapet ettersom vinnaren hadde fått plass i British Open, som er blant dei største golfturneringane i verda. Men no som eg har reflektert litt, trur eg dette er noko eg kjem til å få veldig mykje ut av i framtida, seier Viktor Hovland til Ytre Sogn, nokre dagar etter det marginale finaletapet.

Turneringa gjekk av stabelen på Estonian Golf & Country Club, utanfor Tallinn i Estland, sist helg. Norge stilte med i alt fire spelarar.

Sist ein nordmann greidde å vinne den prestisjefyllte turneringa var for 11 år sidan.

Sjølv vurderer Hovland sølvmedaljen i European Amateur Championship til å vere noko av det beste han har gjort på ei golfbane.
- Det er nok ein av mine største prestasjonar, ja, seier Hovland, som tidlegare blant anna har vunne gull i lag-VM for juniorarar, saman med tre lagkameratar.

Det skjedde i Toyota Junior World Cup i Japan for to år sidan.