EM-sølv til Nina og Astrid


Nina Skresholdt Torvund tok sølv i 9-ball i junior EM i biljard i Veldhoven, Nederland.

Sidan følgde ho og lagvenninne Astrid Eiken Flage opp med nok eit sølv i lagkonkurransen. I finalen møtte dei to Hyllestad-jentene Russland.

– Eg har stort sett spelt ganske bra, sjølv om eg også har hatt nokre dårlege kampar. Eg har nok vore litt påvirka av nervar, men alt i alt er eg nøgd med korleis EM vart, seier Nina Skresholdt Torvund til Ytre Sogn, som altså reiser heim frå meisterskapen med to medaljar.

Astrid Eiken Flage fortel at spelet hennar ikkje var så bra i byrjinga, men at det vart betre utover i meisterskapen.

– I finalen i lagkonkurransen var ikkje spelet mitt heilt på topp, men eg er veldig nøgd med sølv, seier ho til Ytre Sogn.

Begge deltok i klassen Jenter U19.

Norge var representert med i alt sju utøvarar i EM. I tillegg til Torvund og Flage, deltok også Eirik Tonning Hatløy frå Hyllestad.

Nina Skresholdt Torvund tok også individuelt sølv, i disiplinen 9-ball.