Elevane jubla då Høyangerbadet opna opp for elevsymjing denne veka.
- Det er moro. Eg har gleda meg lenge til dette, smiler Helmine Milde (8) i tredjeklasse. Klassekamerat Martin Kjønås Heggø seier seg einig. - Det er lenge sidan sist, så dette var moro no, seier Heggø (9). Høyangerbadet har vore stengt sidan 12. mars. Denne veka opna dei opp for elevsymjing, og neste veke opnar dei dørane for alle. Lærar Anne Lauvsnes fortel at det er første gong tredjeklassingane bada etter koronasituasjonen. - Elevane har bading to timar i veka, så dei har gleda seg lenge til å bade igjen. Det var stor jubel i klasserommet då vi fortalde at vi skulle på bading, seier Lauvsnes.Visse reglar
Ein annan som har gleda seg til at Høyangerbadet skulle opne att er dagleg leiar Sven Erik Lillehauge. - Det blir fantastisk å komme i normal gjenge att, seier Lillehauge.