Elevar kontrollerer kunstgrasbaner


No er Forskingskampanjen 2017 i gang. I år skal elevar frå heile landet undersøke korleis det står til med kunstgrasbanene i landet, finne ut kor mange gummiknottar som blir med spelarane heim og sende inn data til forskarar.

Høyanger skule og Høyanger vidaregåande skule har meldt seg på forskingskampanjen som omfattar over 20 000 elevar frå heile landet. Dei skal undersøke kva slags gummiknottar det er på dei nærmaste fotballbanene, korleis det ser ut rundt bana og kor mykje gummiknottar som blir med kle og sko etter at dei har spelt fotball. Kontaktlærar til klasse 7A ved Høyanger skule, Vegard Volle, fortel at dei som deltek i dette naturfagprosjektet er 6. 7. og 9. klasse. Ytre Sogn møtte han og klasse 7A på kunstgrasbana i Høyanger.

Les meir i papirutgåva tysdag