Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

–Vis at du bryr deg – sei hei!, er oppmodinga frå dei unge forskarane ved Lavik Skule. Bak f.v.: Vilde Torvund, Ida Marie Kure, Adrienn Tjønnås, Hannah Torvund, Vilde Marie Sande Sørestrand, Ida Marie Avedal, Gabriel Nacimento de Andrade, assistent Grethe Rasdal. Framme f.v.: Lærar Trude Hole, Adelaine Af Geljerstam Fardal, Brage Hellebø og Lukas Bjørkhaug.

Elevar har forska på det å bry seg

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 6. mai 2019

Gjennom eit forskingsprosjekt om det å bry seg kom 16 elevar i 6. og 7. klasse ved Lavik skule fram til at det å seie hei skapar glede.

Saman med lærar Trude Hole starta elevane i 6. og 7.klasse i fjor haust å jobbe med eit forskingsprosjekt etter nysgjerrigpermetoden, som er Norges forskingsråd sitt tiltak for å fremje born si interesse og forståing for forsking og vitenskap. For å finne ut kva dei ville forske på kom elevane med mange ulike forslag som vart lagt i ei postkasse. Av ni problemstillingar som vart plukka ut, diskutert og røysta over var det Agathe Bosdal sitt om å finne ut kven som seier hei når du seier hei – og kva det betyr å få eit hei frå andre – som var utvald.

– Kvifor eit slikt forskingsprosjekt?
– Det heile starta med at eg skulle planleggje eit undervisningsopplegg som tok føre seg forskarspire-delen av læreplanen i naturfag, og vart i det tilfelle tipsa om nysgjerrigpermetoden. På heimesidene deira låg det mange flotte rapportar som viste godt elevarbeid og forskarglede. Dette ønska eg å få til med 6. og 7. klasse.

Les meir om forskingsprosjektet i papirutgåva tysdag.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord