Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

Det var 7.klassingane som minviterte til førjulskos på skulen. Framme f.v.: Oliver Berge Ullebø og Elias Norevik Gjermundstad. Bak f.v.: Sander Jarstad, Julian Årseth Birkaas, Eva Lutzke, Silje Avsnes og Ariana Rasdal.

Elevane inviterte til førjulskos

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 5. desember 2017

– Det ser ut som om folk kosar seg, konstaterer Elias Norevik Gjermundstad, Ariana Rasdal og Oliver Berge Ullebø.

Fredag kveld inviterte nemleg 7. klassingane i Vadheim alle som ville til førjulskos med peparkakepynting på skulen, og ikkje lenge etter at dørene opna byrja det å fylle seg opp rundt borda i dei julepynta romma.

– Det er vi og foreldra våre som har laga til denne førjulskosen. Vanlegvis er det skulen som har slike ting, men så var det nokre av foreldra som fann på at det kunne vere kjekt om ikkje vi også fann på noko, og vi som går i 7. klasse har bestemt kva vi skal gjere, fortel Elias Norevik Gjermundstad, Ariana Rasdal og Oliver Berge Ullebø til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord