Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. desember 2018
Ytre Sogn 18. desember 2018

Styrmann Sveinung Brosvik og kaptein Fred Hosøy forsyner seg av den store marsipankaka som Norled-leiinga hadde bestilt til ferjemannskapet.

«Ampere» har gått 6 x ekvator

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 14. november 2018

Verdas første elektriske bilferje MF «Ampere», som til dagleg går i rute mellom Lavik og Oppedal, har i desse dagar gått ein distanse tilsvarande seks gonger rundt ekvator sidan oppstarten i 2015. Det vart sjølvsagt feira med kake.

– Det var jo verdas første elektriske ferje, og at den no har gått så langt må feirast, seier Fred Hosøy og smiler.

Han har vore kaptein på MF «Ampere» sidan den byrja å gå i rute på Sognefjorden, mellom Lavik og Oppedal, 1. januar 2015. Før det jobba han på MF «Gloppen», som Fjord 1 inntil då hadde drifta på same ferjesambandet. Etterpå overtok som kjent Norled.

UHosøy fortel at det var ein overgang å sitje oppe på brua på MF «Gloppen», og ristinga og skakinga som då var når vi køyrde, til «Ampere» som går stille og roleg framover.
No som han ser tilbake på åra med «Ampere», vil han seie at det for det meste har gått bra

– Ferja var den første i sitt slag, og då må ein rekne med at ikkje alt går som det skal, noko vi også erfarte. I byrjinga hadde vi stadig ufrivillege stopp på grunn av problem med ladinga, som må gjerast mellom kvar tur. Det kunne skje fleire gonger om dagen at vi måtte kansellere avgangar. No førekjem det langt sjeldnare, etter at det vart gjort ein del grep, blant anna når det gjeld straumbruk, seier Hosøy.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

MF «Ampere» vart sett i drift sambandet på Lavik-Oppedal 1. januar 2015.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord