Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

– Det er ingen stad vi heller vil bu - og vil at borna våre skal vekse opp - enn Høyanger. Men vi kan bli nøydde til det om ikkje jobbsituasjonen vår endrar seg, seier Stine-Marie (31) og Stefan Milde Fjeldsbø (34).

«Ein kan ikkje berre jobbe med å auke tilflyttinga til kommunen. Ein må også jobbe med å behalde dei som allereie bur her»

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 15. november 2019

Få jobbmoglegheiter i Høyanger gjer at Stine-Marie (31) og Stefan Milde Fjeldsbø (34) no må vurdere å flytte til ein annan kommune.

– Det er ikkje noko vi har lyst til, fordi det er ingen stad vi heller vil bu – og vil at borna våre skal vekse opp – enn Høyanger. Men vi kan bli nøydde til det om ikkje jobbsituasjonen vår endrar seg, seier Stine-Marie og Stefan Milde Fjeldsbø når vi møter dei i einebustaden deira på Dale i Høyanger, der paret bur med dottera si på tre år. Og snart kjem det eit born til.

Og det er spesielt jobbsituasjonen hans som byr på utfordringar. Stefan, som er utdanna siviløkonom med mastegrad i samfunnsendring, organisasjon og leiing, er for tida rådgjevar i avdelinga for Fag og utvikling i Helse Førde. Det inneber at han må pendle til og frå Førde. Når Stine-Marie i tillegg jobbar turnus som ambulansemedarbeidar, ved sidan av å ta sjukepleiarutdanning, slit dei med å få kvardagslogistikken til å gå opp. Ting hadde vore annleis om han hadde fått jobb i heimkommunen. Men det har altså vist seg å vere vanskeleg.

– Så kan ein gjerne seie at eg kunne teke ein annan type jobb i mellomtida. Men eg vil jo gjerne ha noko som er relevant for utdanninga mi. Eg har trass alt investert fem år i- og ein halv million kroner – i den. Og så handlar det også om familien sin økonomi, seier han.

Difor er det også at paret no står fram i avisa og etterlyser meir satsing frå kommunen når det gjeld å leggje til rette for at barnefamiliar og andre som allereie bur i kommunen kan bli verande, og ikkje berre på å få nye til flytte dit.

– Det handlar ikkje minst om å skape fleire nye – og meir varierte – arbeidsplassar i kommunen, seier Stefan og peikar på at ein framleis har eit stykke igjen når det gjeld å erstatte dei som forsvann med Fundo-konkursen.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn! Der kan du også lese kva ordførar Petter Sortland svarar det unge paret.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord