Ei fotballhelg utanom det vanlege


Første helga i advent blei ei langhelg utanom det vanlege for familien Hovland frå Vadheim. Laurdag spelte Stine cupfinale for Sandviken, og søndag ruva Even Hovland i midtforsvaret til Rosenborg.

Status etter to kampar vart tap for Stine sitt lag med 4-0 mot Lillestrøm, medan Even kunne heve «bøtta» etter at Rosenborg vann 4-1 over Strømsgodset.
Det blei ikkje to sigerar av to moglege då, men stemninga var likevel god då Ytre Sogn møtte fotballfamilien på veg ut av Ullevaal stadion søndag ettermiddag.

– Dette har vore ei stor helg. Det var sjølvsagt synd for Sandviken i går, men det toppa seg i dag med ein solid Rosenborg-siger, seier «fotballpappa» Oddvin Hovland.

Stemma hans verkar solid etter 2x90 minutt som ivrig heiagjeng-deltakar. Det same kan ikkje seiast om mor Bente.

– Stemma forsvann i går, så eg får ikkje fram ein lyd knapt, pip det frå Bente som varmar stemmebanda igjen bak Rosenborg-skjerfet sitt.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!