Ei dame med stor arbeidskapasitet


Gunn Lerøy, den nye rådmannen i Hyllestad er eit arbeidsmenneske som likar å vere i vigør, men har også evna til å finne roen og slappe av når ho har høve til det.

Dama på snart 54 år byrja i jobben som rådmann i Hyllestad 1. januar i år, er fødd og oppvaksen i Årdal, og har i dag tre vaksne born. Vi møter ho inne på rådmannskontoret som er eit romsleg, triveleg og lyst kontor, der permar i ulike fargar allereie står fint på rad i hyllene.
-No er det berre innflytting i ny leiligheit her i Hyllestad som står att, så r alt på plass. Eg jobbar ganske mykje og det er noko eg likar, men så fort det er høve tek eg turen heim til Årdal og familien. Hjarta mitt er sjølvsagt ider, men eg tykkjer også at det er veldig spennande å kome hit til Hyllestad og jobbe, og føler at der eg er i livet no så har eg tid til det, seier ho.
Etter å ha teke grunnutdanning som lærar i handel og kontorfag, tok Lerøy mastergrad i offentleg administrasjon, der ho skreiv masteravhandling om leiingsutfordringa i kommunal sektor.
– Eg var 12 år i Årdal kommune der eg jobba nært opp til rådmannen, før eg i 2004 gjekk over tl KS, eller Kommunenes Sentralforbund. Der jobba eg med prosjekt innan kvalitetsutvikling og effektivisering i kommunane, samt nettverk i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, fortel ho.

Sterkt inntrykk
I ei tid der kommunar rundt om i landet slår seg saman vart Lerøy engasjert i ei prosjektstilling for interkommunalt samarbeid for Årdal, Lærdal og Aurland (ÅLA).
– Det er eit kjempespennande prosjekt der målet er å få til eit utvida samarbeid mellom dei tre kommunane. Eg skulle eigentleg ha jobba med prosjektet fram til juni i år, men på grunn av den nye jobben min i Hyllestad fann vi andre løysingar på dette, seier ho
Ho var tilsett nokre år som mottaksleiar for Hero ved flyktningmottaket i Årdal før ho i 2016 flytta til Stockholm.og vart regionsjef for Hero Sverige. Der hadde ho ansvar for oppbygging og nedlegging av flyktningmottak i heile Sverige. Då du jobba som mottaksleiar i Årdal skjedde busskapringa som enda tragisk i 2013. Korleis opplevde du dette?
– Det er ei hending som har gjort sterkt inntrykk. Den var så spesiell og grufull, og for både personalet og meg var det svært tøft, og noko vi aldri kjem til å gløyme. Medan vi går vidare i livet vårt er det verst for familiar og pårørande som må leve vidare med konsekvensane det fekk, seier ho.

Lang erfaring
På spørsmålet om kvifor ho ønskte å bli rådmann i Hyllestad svarar ho at det var noko som vaks fram etter å ha jobba nært opp til fleire rådmenn tidlegare.
– Eg er veldig samfunnsengasjert og det å vere rådmann er ein spennande jobb med utruleg mange moglegheiter. Det at eg kjem frå indre Sogn trur eg kan vere eit godt utgangspunkt både for meg og kommunen. Dei får nokon som har lang erfaring og god kompetanse. Samstundes er eg ny, og kan sjå ting med litt nye auge som eg tenkjer er ein god ting. I tillegg til veldig mange utfordringar, er det også ein spennande jobb der ein kan vere med og snu litt på dei pilene som peikar nedover. Det er ikkje nokon løyndom at dette med kommuneøkonomi har vore ei stor utfordring i Hyllestad i mange år, og sjølv om det å vere rådmann handlar om veldig mykje anna, så må ein ha den i orden. Viss ikkje skapar det støy og er med å øydeleggje utviklinga. Så i mi rolle som rådmann blir det viktig for meg å få med meg organisasjonen i denne snuoperasjonen Det ligg nokre forventningar på politisk nivå, som gjer dette både litt skummelt og utfordrande. Det viktige for meg er å få til eit tett og godt samarbeid med tilsette, tillitsvalde, leiarar og politikarar slik at vi saman klarar dette, som handlar om kommunen si framtid.

Trivst utandørs
Samstundes med at ho er eit arbeidsmenneske som likar å vere i vigør har ho også evna til å finne roen og slappe av når ho har høve til det. Ho trivst også ute i naturen. På det området kjenner ho ikkje Hyllestad så godt frå før, men ho ser fram til å ta på seg turstøvlane og komme seg ut og sjå kva plassen har å tilby.
– Det er veldig flott og heilt spesielt her ute med Lihesten, fjorden og turstiar rett utanfor døra, så eg gler meg til å bli betre kjent med staden.
Når ho ikkje er ute for å oppleve naturen tykkjer Lerøy at det er godt å slappe av med ei bok, sjå ein god film eller setje seg i godstolen med strikketøyet.
– Når eg har ferie og tid i helgene prioriterer eg å dra heim til familie og vener for å vere i lag med dei. Det har blitt mykje jobb og litt mindre ferie dei siste åra, men så lenge eg har ein spennande jobb så trivst eg med det, seier ho.