«Eg visste at eg ikkje hadde gjort noko gale. Så det som eventuelt måtte kome skremde meg ikkje».


Mange var uroa for Ingebjørg Vamråk (47) i alt oppstyret som var då ho vart sparka på dagen som rådmann i Fedje kommune. Sjølv tok ho det heile med stor ro.

– For meg var det ein situasjon eg levde heilt greitt med. Eg visste at ikkje gjort noko gale. Så kva dei eventuelt måtte komme med skremde meg ikkje. Men det har vore mange som uroa for korleis eg hadde det oppi det heile, at det skulle bli for tøft. Men dei som kjenner meg godt veit at det går heilt fint, seier ho med eit smil, frå sofaen under store panoramavindauge med utsikt over Sognefjorden. Det er nok ein julidag med sol og klarvêr og vi ser like over til den andre sida, til Klevald og innløpet til Vadheimsfjorden.

Rolege dagar

Vi er i nabohuset til barndomsheimen til ho og dei tre søskena i Vamråk på Høyanger sørside. Ho fortel at ho har budd her nokre korte periodar sidan ho som 16-åring på midten av 1980-talet flytta til Førde for å gå på vidaregåande skule. No er ho tilbake, og har planar om å bli i alle fall ei stund til.

– Det er godt å vere her att, seier ho.

Det var besteforeldra hennar som bygde huset på 1970-talet, på ei tomt som vart utskilt frå garden til foreldra. Ho kjøpte det for fem-seks år sidan, og foreldra bur i gardshuset litt lenger oppe I bakken.

– Eg pussa opp huset i vinter. Det er eg glad for no som eg måtte ha ein plass å bu. Utan jobb var det ikkje naturleg for meg å vere på Fedje lenger, seier ho.

– Ja, kor lenge blir du her?

– Det veit eg ikkje. Eg fekk, som folk sikkert veit, med etterløn for ein del månader frå Fedje kommune. Det gir meg moglegheit til å vere her i alle fall ei stund. Men etter kvart må eg jo ha meg ein jobb igjen, seier ho.

Men først er det sommar og rolege dagar. Det siste har det nemleg vore lite av dei siste par månadane, etter det famøse kommunestyremøtet på Fedje tidleg i mai. Då hadde Vamråk vore rådmann i den vesle øykommunen i Nordhordland i knappe to år. No som då er ho uforståande til kvifor ho måtte gå.

Lukka møte

– I etterkant av møtet vart det sagt ein del som var direkte usant, men som eg valde å ikkje kommentere. Det er aldri lurt å byrje å diskutere slikt i kampens hete. Du kan aldri vinne heile sanninga. Det hadde berre vore å piske opp stemninga, og det valde eg ikkje å gjere, seier Vamråk.

No, eit par månader etterpå, vel ho imidlertid å svare på noko av det som må ha provosert ei som av dei rundt blir sagt å vere oppteken av å vere redeleg. Blant anna vart det av enkelte hevda at fem i kommuneadministrasjonen på Fedje hadde slutta på grunn av ho.

– Sjølv om det vart trekt attende seinare, tyder likevel mykje på at det vart brukt som eit argument i oppseiinga. Det som imidlertid ikkje kom fram var at to av dei var på veg ut døra då eg kom, medan ein tredje hadde planar om å gå av med pensjon etter eit år, noko vedkommande også fortalde meg då eg byrjia i jobben, seier ho.

Slike påstandar var også årsaka til at ho raskt valde å få seg medierådgjevar.

– Når folk seier ting som ikkje er sant, kan det bli krevjande å halde styr på kva som blir sagt, og såleis vite kva ein eventuelt må imøtegå. Slik tenkte i alle fall eg. Difor skaffa eg meg ein medierådgjevar. Eg tenkte at dette kan bli vanskeleg å handtere åleine.

Avslørte T5PC

– Korleis var det å stå midt oppi dette?

– Eg var innforstått med at det ville bli mykje køyr ein periode. Det forstod eg då dei valde å føreta oppseiinga I møte som ikkje var send tut innkalling til, anna enn ein sms rett før. Men det uroa meg ikkje så lenge eg visste at det ikkje fanst hald i mykje av det som vart sagt. Før eller seinare kjem ting fram, svarar ho.

Det er heller ikkje første gong ho opplever slik «trøkk» frå media og andre. Tilbake i 2004 var ho å sjå og høyre i media over heile landet, då ho som jusstudent bidrog til å avsløre pyramidespelet The 5 Percent Community (T5PC). Det enda med konkurs for det norske selskapet, som hadde opp imot 80.000 medlemmer, som tapte store pengar på det.

– Det var nokre veker der eg ikkje fekk tenkt på anna. Den erfaringa var grei å ha no, seier Vamråk, som oppi det heile forsøkte å leve som vanleg, ikkje minst på grunn av dei to minste gutane hennar på 5 og 7 år. Og det gjekk fint, skal vi tru ho.

– Vi gjorde det vi elles ville ha gjort, som å ta del i 17.mai-feiringa på Fedje. Det var ikkje problem i det heile, seier ho og legg til - ikkje utan ein viss humor - at det var nokre ungar som tykte det var stas at ho hadde"fått" sparken.

– Tydelegvis fordi dette ikkje er nok som alle "får". Difor vart det også brått om å gjere for mange å få komme på besøk til oss. Med andre ord takla nok fedjefolket dette med ungane på ein utmerka måte, og det var ikkje uventa, seier ho.

Opplevde støtte

– Ja, korleis var reaksjonane utanfor rådhuset?

– Eg trur det var like mykje sjokk og vantru der då det «small», også på grunn av måten det skjedde på. Folk er naturleg nok opprørte over at dei ikkje har fått nook grunngjeving. Gjort på ein annan måte hadde det nok vore lettare å akseptere, seier ho og fortel om mykje støtte, også blant folk på Fedje.

Dei har framleis mange vener der, og kjem nok tilbake på besøk.

– Men det som hendte i mai er eg ferdig med, forsikrar Vamråk, som framfor alt tykkjer det er synd med den negative merksemda som Fedje har fått. Ikkje minst i høve jobben med å gjere det til ein turistdestinasjon.

– Det var noko eg gjekk i gang med ganske umiddelbart etter at eg kom dit. Ifølgje dei som har greie på slikt har satsing på turisme vore nærast fråverande i kommunane i Nordhordland, sjølv om potensialet bør vere like stort der, som andre delar av Vestlandet. Difor vart det blant anna sett si gang eit entreprenørskapsprogram, som kort fortalt førte til at det vart både butikkar, restaurantar og – no sist – planar om renovere det gamle hotellet. Det siste er ikkje minst viktig om ein skal få turistar og andre til å bli verande, slik at dei legg at pengar. Fleire båtruter har det også blitt, og fleire har slutta I jobbane sine for å sates på turisme. Det har vore utruleg moro å prøve å få folk til å satse på turismen, og der følest leit ikkje å kunne vere med og fullføre det, medgir ho.

Utvikle noko

– Ja, kva ser du sjølv føre deg å jobbe med framover?

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, anna enn at eg vil bruke tid på det eg tykkjer er mest gøy.
Innovasjon og samfunnsutvikling er veldig gjevande å jobbe med. Å tenkje langsiktig, kunne utvikle noko, slik vi gjorde med turismen på Fedje. Det er noko eg har lyst til å gjere meir av framover.