Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. oktober 2018
Ytre Sogn 18. oktober 2018

Som mobbeombod skal Aina Drage jobbe med å førebyggje mobbing, følgje opp saker og vere tilgjengeleg som ein samtalepart for born, unge og foreldre.

Mobbeombod i Sogn og Fjordane

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 12. oktober 2018

–Eg er svært oppteken av å skape gode relasjonar og læringsmiljø for born og unge, og la dei få vise seg frå sine beste sider, seier det nye mobbeombodet i Sogn og Fjordane, Aina Drage frå Høyanger.

Med 19 år som lærarar på ulike trinn ved Høyanger skule bak seg har 46 år gamle Aina Drage starta ein ny kvardag som mobbeombod i Sogn og Fjordane, ein jobb der ho skal bidra til at alle born og unge skal ha det trygt og godt i barnehagen og grunnskulen.
– I tillegg til åra som lærar har eg også fått litt erfaring med å ha jobba som rådgjevar innanfor saker som gjeld skulemiljø ved Fylkesmannen det siste året. Som mobbeombod er ein viktig del av jobben å gjere seg kjend med dei som oppleve utfordringar i skulemiljøet, og trur eg kan vere med og bidra til å sortere i kva ein kan gjere for å finne ei løysing.

Etter ønskje frå regjeringa blir ordninga med mobbeombod oppretta i alle fylke, og 17.april i år vedtok Fylkestinget å opprette eit eige mobbeombod i Sogn og Fjordane. Til saman 18 personar søkte på jobben, og ho var den som fekk den.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord