Edin var den store forskjellen


Botnsolid bak og livsfarleg når han går opp på corner. Det er Edin Agovic, det! I lokaloppgjeret mot Balestrand var han kampens store gigant. Han herja med gjestane i begge ender av bana. Med to flotte mål og null baklengs vart alle poenga att på Sletta.

Første omgang byrja roleg og forskjellen på topp og botn i divisjonen var ikkje synleg i starten. Balestrand var heilt med, men forsvaret til heimelaget, med Edin Agovic i spissen, hadde bestemt seg for å halde tett. Og det vart ein roleg kveld for Kristian R. Johansen i Høyang-målet. Gjestane mangla gjennombrotskraft og skapte ikkje nokon farlege sjansar i kampen.

Les meir i dagens Ytre Sogn