Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

Her er Joya Mekke (21) i sine daglege omgjevnader på KaffeTelegrafen i Høyanger der ho trivst godt.

Diktskriving vart redninga for Joya (21)

Journalist: Sissel Tove Litzheim | Publisert: 6. mars 2020

– Eg håpar at eg gjennom dikta mine kan vise at uansett kor mørkt det er inni deg og rundt deg, så finst det ein veg ut, seier Joya Mekke (21) til Ytre Sogn.

Sidan i fjor sommar har ho vore å treffe på KaffeTelegrafen i Høyanger der ho med eit vakkert smil og eit trygt blikk serverer mat, skjenker kaffi og ryddar. Men slik har ikkje livet hennar alltid vore.

21-åringen, opphavleg frå Nederland, har hatt ei tung ungdomstid, og det bygde seg opp eit indre sinne som ho ikkje fekk uttrykt på nokon annan måte enn å skade seg sjølv. Diktskriving vart redning. Ved å uttrykke kjenslene sine poetisk, fann ho ein veg gjennom mørket.

Dei første dikta er svært mørke og gir uttrykk for kor ufatteleg mørkt og forferdeleg det kan vere på innsida hjå eit menneske. Litt etter litt endrar dei karakter og det siste diktet som blei skrive på slutten av 2018 har både håp og sjølvtillit i seg.

No er dikta komne ut i bokform, med tittelen «Survival Through Poetry».

– Eg håpar at eg gjennom dikta mine kan vise at uansett kor mørkt det er inni deg og rundt deg, så finst det ein veg ut. Det er eg det beste beviset på, seier Joya.

Demons

Don’t hide for the evil creature
they will find you anyway
It’s all a part of nature
don’t go another way

They want to be feared
they like to see you weak
But please don’t be scared
Because then you are easier to break

They will catch us and keep us trapped
inside their little mad world
Be careful when fighting your demons
You might become one

(Frå “Survival Through Poetry”)

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord