"Det mest kritiske er å ha nok folk til å halde produksjonen gåande"


For Hydro Høyanger er det mest kritiske å ha nok folk til å halde produksjonen i elektrolyse og støyperi gåande.


– Eit aluminiumsverk er ikkje noko ein berre kan skru av og på. Produksjonen går døgnet rundt heile året, og det mest kritiske er å ha nok folk til å halde den gåande. Vi har difor klare beredskapsplanar om fleire skift skulle bli råka av koronaviruset, anten ved direkte smitte eller at mange blir sett i karantene. Med andre ord legg vi planar for å kunne produsere med lågast mogleg bemanning, seier Arne-Martin Kjærland, sjef for fabrikken med rundt 160 tilsette, til Ytre Sogn. 



Alvorleg situasjon


I dag har Hydro Høyanger femskifts-ordning. Å ta ut eitt skift kan dei handtere, sjølv om det vil medføre større belastning på dei som ikkje er i karantene. 


- Det har vi allereie gjort på ein fabrikk Hydro har i Spania. Men om vi må ta ut to skift vil vi få problem med å få drifta til å gå rundt, seier Kjærland.


- Og slik utviklinga har vore til no er sannsynlegheita for at noko slikt skjer veldig stor, legg han til.


Difor beskriv han også situasjonen dei no er i som veldig alvorleg.


- Framfor alt handler det om å halde drifta i elektrolyse og støyperi - samt kritiske vedlikehaldstenester - gåande, slik at folk har jobbar å gå til også etterpå. At vi ikkje må stenge ned drifta vår etter dette, seier han.


Løpande tiltak

Difor er også Hydro Høyanger - til liks med andre bedrifter - opptekne av å følgje helsestyresmaktene sine råd for å avgrense og hindre smitte, blant anna ved heimekontor for dei som må - og kan - ha det, kutte ned på reiseverksemd og berre ha digitale møte. 
Elles er også Gulebygget, der blant anna administrasjonen held til, no stengd for alle som ikkje har adgangskort.


- Vårt lokale beredskapsteam er i tett dialog med relevante styresmakter og det sentrale beredskapsteamet i Hydro og gjer løpande tiltak og vurderingar.


Dei har også oppretta to stabar, ein som jobbar med førebyggjande tiltak for å redusere smitteomfanget og ein som jobbar med utfordringar på driftssida.


- Vi har to statusmøte om dagen; morgon og ettermiddag, seier han.