Lokale nyhende frå Ytre Sogn 1. juni 2020
Ytre Sogn 1. juni 2020

Nils Petter Støyva (t.v.), regionnestleiar i LO og Torbjørn Vereide
, folkevald og ungdomssekretær i LO

Det er viktig å markere 1.mai i krisetider

Nils Petter Støyva, regionnestleiar i LO, og Torbjørn Vereide, folkevald og ungdomssekretær i LO | Publisert: 1. mai 2020

-I krisetider ser vi kor viktig solidaritet og fellesskap er, skriv Nils Petter Støyva og Torbjørn Vereide i innlegget sitt.

1.mai er arbeidarrørsla sin fest og kampdag. Denne dagen er framleis viktig. Opp gjennom åra har vi kjempa og vunne mange kampar. Men det er framleis mange uløyste oppgåver. Arbeidslivet og rettane våre har aldri vore viktigare enn i dag.

I vinter vart heile verda og landet vårt råka av ein korona-pandemi. Denne har stengt ned og sett store deler av samfunnet ut av spel.Med ei arbeidsløyse på langt over 10 % i mange kommunar, er det mangesom har blitt bekymra for arbeidsplassen sin. Det er ein forståeleg uro, for det gjer noko med oss alle når vi må lesesin eigen varsel om premiering.

Situasjonen minner om krisa som traff landet vårt før andre verdskrig, som vart kalla «dei harde trettiåra». Gjennom ein stor dugnad og fellestiltak skal vi slå korona-pandemien tilbake. Landet og bygdene våre skal på fote att. Det er avgjerande at arbeidsløysa ikkje bit seg fast. Heile folket i arbeid er framleis eitt av dei viktigaste slagorda til arbeidarrørsla.

På 1. mai må vi minne om kor viktig det er med eit godt organisert arbeidsliv med dyktige tillitsvalde. I desse vanskelege månadane har LO gjort jobben på prisverdig måte og auka medlemstalet til 952.000. Det er også grunn til å halde fram nytta av eit sosialt sikkerheitsnett og ein sterke offentleg sektor. For dei ledige og permitterte har dette vore avgjerande. Vi må vere glade og stolte av tryggleiken og støtteordningane i det norske samfunnet. Dette er berebjelken i sosialdemokratiske tenkinga.

Vi er alle ein del av det same fellesskapet. På lag med alle dei som reddar, trøystar, hjelper og vaskar. Heltane våre som held hjula i gang. Dette er det god grunn til å vere stolte av. Men folk fortener meir enn ein applaus. Desse gruppene må også få den løn og status dei fortener når vi kjem til nye lønsoppgjer! På 1.mai står vi derfor saman for trygge jobbar og heile stillingar. For ei sjukelønn som gjer at du har råd til å vere heime frå jobben om du blir smitta. Og for eit arbeidsliv som tek vare på folk.

I krisetider ser vi kor viktig solidaritet og fellesskap er. Kor avhengige vi er av kvarandre for å samfunnet til å gå rundt og fungere. Vi må bruke 1. mai markeringane til å minne om at vi er alle er like viktige og like mykje verdt i samfunnet.
Vi er eit lite land. Men vi har mykje å vere stolte av. Sjølv om det er krevjande tider så står fellesskapet sterkt.

Gratulerer med dagen!

⇐ Til framsida
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord