«Det er mykje kjekkare å spele i eit stort korps som dette»


– Det er mykje kjekkare å spele saman i eit stort felleskorps, seier Eivor Ohnstad, Sølve Gunnarskog og Katrine Frivik til Ytre Sogn under korpskonserten på Kyrkjebø søndag.

Med swingande repertoar var rundt 40 unge musikantar i alderen 9 – 18 år klare for basar og konsert i ein fullsett sal i Kyrkjebø samfunnshus søndag ettermiddag. Det heilt nye felleskorpset, som er eit samarbeid mellom korpsa i Høyanger, Vadheim og Kyrkjebø, har spelt saman sidan januar og hatt jamnlege øvingar og seminar fram mot konserten.

Tre av dei som er med er Eivor Ohnstad (16) på klarinett og Katrine Frivik (12) på kornett, som begge har vore med i Kyrkjebø skule – og ungdomskorps høvesvis i åtte og tre år, medan Sølve Gunnarskog (15) som spelar baryton i Høyanger skulemusikk har vore med i til saman sju år. – Korleis er det å vere med i eit felleskorps? – Det er mykje kjekkare å spele i eit stort korps som dette, enn i eit lite korps med få musikantar. Det blir mange fleire instrument, som gjer at det blir mykje meir lyd i korpset, noko som gjer det til ei fin oppleving, seier dei til Ytre Sogn.

Les meir om konserten i siste utgåve av Ytre Sogn.