- Det er inga krise når det gjeld matvarer


Matvarebutikkane har rikeleg med varer og får jamleg inn nye. Dette var det likevel ikkje alle som trudde på då butikkane var overfylte torsdag.

Etter at styresmaktene torsdag gjekk ut med påbod om å stenge barnehagar, skular og andre stader folk samlast opplevde matvarebutikkene ei hamstring utan like.

Coop Extra i Høyanger var ein av dei som opplevde eit enormt påtrykk av kundar. Butikksjef Elisabeth Eide fortel til Ytre Sogn at dei ikkje hadde teke høgde for at så mange skulle handle så mykje på ein gong. 



- Det er inga krise når det gjeld matvarer, vi får inn nye varer fire gonger kvar veke. Når det likevel kan opplevast at vi manglar varer, er det fordi bestillingane våre ikkje stemmer overeins med alle varene som har gått ut. Dette blir retta opp nokså snart. 



Det same gjeld hos Kiwi i nabobygget.



- Det vi jobbar mest med no er å få varene ut til folket. Det er nok av varer både hjå grossistane og i landet for øvrig, så vår utfording er å få varene fram tidsnok til kundane. Ingen treng å handle for lang tid framover, for det vil komme nok varer i butikkane, opplyser regionsjef Jan Olav Mjøs hos Kiwi.



Elles gjer begge matvarebutikkene kva dei kan for å hindre smitte, ved nøye reingjering av bankterminalar, handlevogner, ja, alle overflater som kundane er i kontakt med.



- Vi vil også setje opp desinfeksjons-sprit til bruk for kundane våre, både flytande og som våtserviettar. Diverre har vi ikkje fått tak i det enno, men har bestilling inne hjå apoteket. Sidan helseinstitusjonane er prioriterte, har vi måtte vente på dette, seier Eide.