Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Heile 12 hundar var med på kurset sist helg. Her er hjelpeinstruktør Amalie Ramsli Selnes i gong med øving i innkalling.

Deltakarrekord på hundekurs

Journalist: Espen Bakketun | Publisert: 4. februar 2019

Sist helg var det stor aktivitet på Kyrkjebø då hundeklubben hadde kurs i kvardagslydigheit. Rekordmange tok turen saman med dei firbeinte venene sine.

– Denne gongen har vi innhenta oss informasjon på førehand om kva hundeeigarane ville lære, og dette har nok mykje å seie med tanke på den store påmeldinga, seier dei to nøgde instruktørane Anette Vamråk og Aud Ramsli frå Kyrkjebø Hundeklubb til Ytre Sogn.

Og med heile 12 hundar i sving fekk dei øve på mykje forskjellig som eigarane sjølv ville lære.

–Vi har merka at det er det daglege hundehaldet folk vil lære, så i dette kurset har vi blant anna fokusert på kontakt mellom hund og førar, innkalling, gå fint i band og helsing på folk og dyr som ein treff på tur i kvardagen.

Instruktørane viser til at det berre blir meir og meir populært med hund i området, og difor er det viktig å ha god kontroll på hunden. Det er også viktig med mengdetrening for å få ein lydig hund.

– På Kyrkjebø og i området rundt er det veldig populært å ha hund og det er også folk som har fleire enn ein. Då er det viktig å ha kontroll på hunden, og dette set nok dei andre i bygda pris på, seier dei og er difor veldig glade for at så mange ville vere med på kurset, og meiner at helga var heilt fantastisk!

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord