Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. september 2020
Ytre Sogn 18. september 2020

-Vi vil styre vår eiga utvikling, slik at vi beheld dei her, i Høyanger kommune, seier Oddhild Løbø (nr to f.h.) om kvifor dei har valt å halde seg utanfor dei store kjedene. Her er ho i lag med (f.v.) Anne Storhaug, Ingrid Wolff og Anita Flølo Systad, som alle jobbar i Løbø Rekneskap og Økonomi AS i Vadheim.

Dei starta med éin kunde i 1993. No har dei 200 over heile landet.


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 11. september 2020

Løbø Rekneskap og Økonomi AS i Vadheim har vakse litt for kvart år.

– For oss har det aldri vore aktuelt å bli del av ei større kjede. Det inneber alltid ein fare for at arbeidsplassar blir flytta, og det vil ikkje vi. Vi vil styre vår eiga utvikling, slik at vi beheld dei her, i Høyanger kommune, seier Oddhild Løbø og peikar på at dei kan liggje kvar som helst, med dei digitale verktøya ein i dag har til rådvelde.


- Og no får vi jo fiber i Vadheim også, seier ho.


I dei vel 25 åra som har gått sidan ho starta Løbø Rekneskap og Økonomi har den vakse litt for kvart år. Det byrja med ho sjølv i halv stilling. No tel bedrifta fem tilsette, og har rundt 200 kundar ov er heile landet. Då ho starta hadde ho éin.

Og stadig nye kundar viser også igjen på tala deira. I 2019 passerte dei 8,0 millionar kroner i omsetnad, mot 7,6 millionar kroner i 2018. 
Samstundes enda resultatet på nærmare 1,5 millionar kroner, mot 1,4 millionar kroner året før. 


Les meir i siste Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord