Daniel driv bilpleie


Daniel Sæbøe Tveit (17) frå Høyanger er levande opptatt av bil, og har allereie opparbeida seg eit renommé for sitt gode arbeid innan bilpleie. 

Daniel Sæbøe Tveit går første året på mekanisk (TIP) på Høyanger vidaregåande skule. I fritida er det berre ein ting som gjeld – BIL!

Starta tidleg

I niande klasse på ungdomsskulen starta han opp med bilpleie, og månaden etter at han var gammal nok til å lærekøyre kjøpte han sin første bil, ein BMW E39 5-serie 2003 modell. Den står på tunet heime og skin som ein gyllen mal på korleis ein bil kan sjå ut om den får rett behandling. 

– Det har blitt mykje lærekøyring og eg gler meg til å ta sertifikat neste vår, seier Tveit.

Perfeksjonist

– Eg er glad i å jobbe og når eg får jobbe med bil er det heilt perfekt. Folk er stort sett glad for å få satt vekk ein slik jobb, og då passar det godt at det er det eg likar.

Daniel Sæbøe Tveit er perfeksjonist. Kvalitet kombinert med lav pris er nøkkelen bak suksessen, og tilbakemeldingane han får frå kundane er berre av det positive slaget. 

Gode produkt

– Eg held meg til gode produkt som Turtle Vax og Sonax. Det skal vere gullande reint og kunden skal vere nøgd når dei hentar bilen sin. Noen gonger kan skiten sitte godt, men då er det berre å bruke lengre tid og skrubbe litt ekstra. 

Karriereval 

– Eg kunne tenke meg å jobba vidare med bilpleie når eg blir eldre. For eksempel i Bilpleiehallen i Førde, men eg har ikkje bestemt meg heilt for kva eg skal satse på etter at eg er ferdig på Høyanger vidaregåande skule neste sommar. Det blir kanskje til at eg søkjer ein lærlingeplass her på Hydro. Det er mange vegar å velje mellom så ingenting er avklart enda, men skulle eg valt i dag hadde det nok blitt yrkessjåfør. Enten trailer eller buss, seier Tveit.

I niande klasse på ungdomsskulen starta Daniel opp med bilpleie, og månaden etter at han var gammal nok til å lærekøyre kjøpte han sin første bil, ein BMW E39 5-serie 2003 modell.