Daniel (11) briljerte under futsal-turneringa


Daniel Pettersen Agovic viste overblikk, presisjon i pasningane og ikkje minst målteft då 22 lag møttest til fotballturnering i Høyangerhallen i helga.

Hyllestad stilte med to lag i jenteklassen J14. IL Høyang stilte med to G11-lag, eitt G12 og G13, samt eitt J13-lag. I første kampen møtte dei to G11-laga til Høyang kvarandre, og det skulle bli ein jamn kamp med mange gode prestasjonar frå begge lag. Heilt avgjerande vart til sjuande og sist Daniel Pettersen Agovic sine to mål. Den talentfulle 11-åringen spelte med stor ro og hadde presisjon i pasningar og avslutningar.

Les meir i Ytre Sogn fredag