Camilla med hat-trick


Kaupanger 2 yppa seg i første omgang, men med ein gnistrande andre omgang sette Høyang-jentene skapet på plass, og vann til slutt 6-1. Camilla Ueland skåra tre av måla.

Kampen starta med eit lite overtak til gjestane frå Kaupanger. Det første kvarteret hadde dei ballen mykje, men det var heimelaget som hadde dei farlegaste sjansane. Inne i feltet nikka Thea Drage bakover etter 18 minutt. Ballen strauk stanga på utsida. Anja Pettersen forsøkte skotfoten før Kaupanger 2 fekk sin første store sjanse etter 25 minutt. Katrine Bondevik Skår redda meisterleg og Linn-Jeanette Dønnem Selnes let ikkje gjestane få tak i returen. Malin Fjæren testa både venstre- og høgrefoten utan å ha marginane med seg. Det svinga godt i denne perioden.

Etter 40 minutt fekk Anja Pettersen kontroll over ballen sentralt på midten, og Camilla Ueland var som vanleg på løp oppover venstrekanten. Pasningen frå kapteinen var perfekt. Camilla tok ballen med seg oppover og skar inn mot mål i kapp med ein forsvarar. Camilla var sterkast og fekk kroppen framfor backen og rulla ballen i lengste hjørnet forbi ein utrusande keeper. Heimelaget jubla over den viktige leiinga rett før pause.

Les meir i papirutgåva tysdag!