Byggjer i Høyangerfjellet


Statkraft byggjer ny 12 kV-kraftleidning innover Monsdalsvatn og Fossvatn for å sikre viktige anleggsdelar ei sikker og stabil straumforsyning.

Det opplyser informasjonsansvarleg i Region Midt-Norge, Norman Kjærvik, til Ytre Sogn.

Turgåarar har reagert på fysiske inngrep i fjellet over Høyanger sentrum, men han forsikrar om at det skal ryddast skikkeleg opp i heile anleggsområdet når arbeidet ferdigstillast seinare i år.

– Arbeidet med ei sikker og stabil straumforsyning blir utført mellom anna for å sikre pålitelege vasstandsmålingar i kraftmagasina våre, seier Kjærvik.

– Den eksisterande kraftleidningen er for låg, og det har ofte vore problem med for liten avstand til terrenget ved store snømengder på vinteren og utover våren. Dette problemet blir no løyst med den nye leidningen, samstundes som straumforsyninga til våre anlegg blir meir stabil og sikker, også i periodar med dårleg ver og store snømengder.

Les meir i fredagens Ytre Sogn!