Budeier frå Høyanger i Norge Rundt!


I dag har NRK vore på Lavikdalen i Høyanger kommune for å spele inn sesongstarten av Norge Rundt.

Der får heile Norge møte 21 år gamle Lisa Meek Ljotebø og 15 år gamle Andrine Svartemyr. Dei to er budeier på Kjønåsbotten beitelag sin sommarstøl. Her passar dei for tida på 63 kyr og ein okse heilt åleine i to månader. Det er fire bønder som har kyrne sine på sommarferie her.

- I episoden på fredag får vi vere med dei ut på beite for å lokke dyra inn til morgonstell, vi får vite kvifor dei elskar dyra og jobben sin og programleiaren får prøve seg på mjølking.

Denne veka er det Stian Sjursen Takle som er vikarprogarmleiar i Norge Rundt. Programmet er eitt av dei mest sette programma på norsk TV. 

Stian kjem sjølv frå Lavikdalen og er stolt av å få vise fram litt av heimbygda.

- Dette er bygda der eg har vakse opp. Eg likar meg godt her, og synst det er vakkert her. Men det finaste med denne episoden er dei sprudlande unge budeiene vi fekk møte. Dei er heilt fantastiske, seier Sjursen Takle.

Denne episoden av Norge Rundt kan ein sjå fredag klokka 1940 på NRK, eller når ein vil på NRK TV frå fredag.