Brør i duell på nøytral grunn


Brørne Atle og Kjell Norfinn Tonning stod på kvar si side då Hyllestad 1 og Førde 3 møttest til kamp på Vaimbley stadion i Vadheim tysdag. Kjell Norfinn trakk det lengste strådet då Førde 3 til slutt vann 3-2.

Hyllestad 1 – Førde 3 2-3 (2-1)

Kampen vart spelt i Vadheim då Hyllestad idrettsanlegg for tida er under utbetring.

Atle Tonning er trenar for Hyllestad 1 og Kjell Norfinn er oppmann for Førde 3. Med siger til Hyllestad ville dei gå forbi Førde 3 på tabellen, men Kjell Norfinn såg helst at alle poenga vart med opp att til Førde, og at avstanden mellom laga dermed auka.

–Vi må nok tilbake til tida då laget heitte Sentrum om eg skal få fram kjenslene for laget frå heimtraktene i Hyllestad, sa Kjell Norfinn til Ytre Sogn før kampen.

Les meir om kampen i neste utgåve av Ytre Sogn