Bråstopp for Høyanger Taxi


- Det er omtrent heilt stopp, seier Olav Brekken, som eig og driv Høyanger Taxi, til Ytre Sogn.

Før helga måtte han gå til steget å permittere dei to sjåførane sine, i første omgang i 6-8 veker. Dermed er det berre han sjølv igjen til å ta køyreoppdrag framover, utan at han trur det vil by på dei store problema.



- I dag har eg hatt éin tur, og den gjekk til og frå legesenteret i Høyanger. Går eg inn på bestillings-app’en på telefonen og ser på i morgon står det null, seier Olav Brekken i Vadheim til Ytre Sogn.


Slik har det vore omtrent sidan torsdag for halvanna veke sidan, då styresmaktene bestemte at alle skular og barnehagar måtte stengje, som eit av fleire tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.



- Etter det vart det stopp omtrent med ein gong, seier han.



Han hadde til ein viss grad også forventa det. For Brekken, som har køyrd taxi sidan 2012, utgjer nemleg skulekøyringa godt over ein tredjedel av oppdraga. Resten fordeler seg ganske likt mellom pasientkøyring og andre, ordinære turar.



- Men at det ville skje så fort hadde eg ikkje trudd. 80-90 prosent av oppdraga vart borte over natta, seier han.



Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!