Brann under kontroll


Brannen i ein einebustad på Kyrkjebø er under kontroll.

Det melder politiet like etter klokka 12 onsdag.

Brannen i einebustaden, som ligg i Tronvikfeltet, vart meldt omkring ein time tidlegare. Ein personen som bur i huset kom seg ut. Ifølgje politiet skal det ikkje ha vore fleire i bustaden.

Alle naudetatar rykka ut til brannen.