Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. juli 2018
Ytre Sogn 19. juli 2018

May Kristin Fjerme med eit av portretta i serien av «mugshots».

Børli mot Trump i samfunnshuset

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 29. juni 2018

May Kristin Fjerme stiller ut «raw material mugshot sketches» saman med dikt av Hans Børli i høve den norske lyrikaren sitt 100-årsjubileum. Utstillinga med tittelen «Børli vs Trump – face to face» kan du sjå i Høyanger samfunnshus i sommar.

Etter å ha budd på Mannebrekke i Vadheim i fem år, flytta May Kristin Fjerme til Nessane der ho driv Fjerme Studio. Ho har teoretisk og praktisk kunstutdanning, der portrett- og akt-studiar er eit tilbakevendande tema. Ho har vore biletkunstar i 25 år og nyttar vintermånadane til å jobbe samanhengande med prosjekta sine.

Les meir i Ytre Sogn 

May Kristin Fjerme er ein engasjert kunstnar. I sommar stiller ho ut «raw material mugshot sketches» i Høyanger samfunnshus.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord