Bonden ønskjer seg 300 millimeter regn


– Eg ønskjer meg 300 millimeter regn på 14 dagar. Det hadde vore ideelt, seier bonde Anders Ljotebø på Klævold.

Den varme og tørre sommaren har gitt bønder over store delar av landet uvande utfordringar. Regnet let vente på seg, fôrsituasjonen er alvorleg og bønder har måtte slakte fleire dyr enn dei hadde tenkt.
– Dei er hardast råka austpå. Men det er mange som er hardt råka her på Vestlandet også. Det har blitt litt lite avling på grunn av tørken. Vi treng regn. Det er det einaste som hjelper, seier Anders Ljotebø.

Les meir i Ytre Sogn tysdag

Bonden på Klævold har nett henta gjødsel, men regnet må kome av seg sjølv.