Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Alt i neste veke er Hege Ølmheim i gang i den nye jobben som biblioteksjef i Høyanger kommune.

Ny biblioteksjef i Høyanger kommune

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 12. oktober 2018

– Eg har lenge hatt lyst til å jobbe med noko innanfor kultur, og no fekk eg høve til det, seier Hege Ølmheim. Alt i neste veke byrjar ho i den nye jobben som biblioteksjef i Høyanger kommune.

Siste to og eit halvt åra har ho vore avdelingsleiar ved Høyanger skule.

– Etter nærmare 30 år i skuleverket fann eg ut at eg hadde lyst til å prøve noko anna, og som biblioteksjef får eg høve til å jobbe innanfor eit fagområde som alltid har stått meg nært, som er kultur. Så då jobben vart lyst ut bestemde eg meg for å søkje, seier Hege Ølmheim, som var ein av ti søkjarar til den.

– No gler eg med til å kome i gang, seier ho og smiler.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord