Blir nestleiar i finanskomitéen


Ingrid Heggø (Ap) frå Høyanger blir nestleiar i finanskomitéen på Stortinget

Det er klart etter at valkomitéen si innstilling vart offentleggjort tysdag ettermiddag.

- Det er overveldande, seier ho til Ytre Sogn om at ho no blir nestleiar i den kanskje mest prestisjefylte komitéane av dei alle, sidan den førebur saker knytt til budsjett- og økonomistyring, og sidan kjem med innstilling til vedtak i Stortinget. Det same gjeld verva som leiar og nestleiar.

Heggø tek no fatt på sin fjerde periode på Stortinget. Tidlegare har vore sete i justiskomitéen og næringskomitéen. No blir det altså finanskomiéen, med partikollegaTrond Giske som ny leiar.

- Det mest vanlige er å bytte kvart fjerde år. Trond Giske er nestleiar i Ap og blant våre beste politikarar og debattantar. Så dette blir veldig bra, seier Heggø om at han - og ikkje Marianne Marthinsen som har hatt vervet siste perioden, og gjerne ville halde fram - fekk det prestisjefylte vervet.