Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

Måren kraftverk i Høyanger er eit av dei 46 kraftverka som BKK Enotek skal ha tilsyn og vedlikehald for. (Foto: BKK)

BKK Enotek skal vedlikehalde Småkraft sine kraftverk på Vestlandet

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 17. november 2020

Småkraft AS har inngått en avtale med BKK Enotek om tilsyn og vedlikehald av elektriske anlegg på alle sine 46 småkraftverk på Vestlandet.

– Avtalen er med på å byggje opp under BKK Enotek sin strategi om vekst i våre nærområde på Vestlandet, seier Tore Bråstad, divisjonssjef for Industri og elektrifisering i BKK Enotek, i ei pressemelding.

Avtalen gjeld for fem år og innebær av Enotek skal utføre vedlikehaldstenester på dei elektriske anlegga på alle kraftverka til Småkraft i Vestland og Møre og Romsdal fylke.

BKK Enotek leverer eni rekkje tenester innan elektrifisering, elkraft, samferdsel og digital kommunikasjon.

Størst i Norge på småkraft

-Småkraft er i sterk vekst, og vi er glade for å sjå at BKK Enotek kan bidra til trygg og stabil drift for våre kraftverk på Vestlandet, seier operasjonsdirektør Jørgen Hundven i Småkraft AS.

Småkraft AS vart etablert i 2002 og er i dag den største drivar av småkraftverk i Norge og Europa med rundt 120 kraftverk i drift over heile landet. Årsproduksjon er på over 1,2 TWh, som tilsvarar forbruket til 100.000 husstandar eller 500.000 elbilar.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord