Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

Høyanger-ordførar Petter Sortland vil fremje sitt syn om BKK og vindkraft på generalforsamlinga den 14. mai.

– BKK bør ikkje vere aktive i vindkraftprosjekt

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 7. mai 2020

-Mi haldning er at BKK ikkje bør vere aktive i vindkraftprosjekt i dei eigarkommunane som ikkje ønskjer vindkraft i sin kommune, og det synet kjem eg også til å fremje på generalforsamlinga 14.mai, sa Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) på kommunestyremøtet torsdag.

Bakgrunnen var ei skriv kommunen har motteke, som leiar i Norges Miljøvernforbund Kurt Oddekalv har sendt ut til alle eigarkommunane til BK. Der han oppmodar dei om å fremje krav på generalforsamlinga om stans i utbygging av vindkraft og avvikling av eigarskap i vindkraftselskap. 



- Min haldning er at BKK ikkje bør vere aktive i vindkraftprosjekt i dei eigarkommunane som ikkje ønskjer vindkraft i sin kommune. Eg meiner det må omfatte BKK som selskap, samt selskap dei samarbeider med, eller eig heilt eller delvis, sa ordførar Petter Sortland på møtet.



Han fortalde også at han kjem til å fremje sitt syn på generalforsamlinga i BKK, som er den 14. mai.

– Kritikkverdige høve

I skrivet frå Oddekalv peikar han blant anna på at media gjennom ei rekkje saker har avdekka fleire kritikkverdige høve i vindkraftbransjen, mellom anna i konsesjonshandsamingar, manglande demokratisk involvering i søknads– og utbyggingsprosessar og kjøp og sal av konsesjonar til internasjonale selskap. Lokale folkevalde og befolkninga føler seg overkøyrde, i prosessar som har vore opplevd som lukka og udemokratiske, meiner han.



-BKK er gjennom sitt 36,7 prosent eigarskap i SFE ansvarlege for fleire øydeleggjande vindkraftprosjekt på Vestlandet, herunder på Bremangerlandet og Lutelandet, heiter det i skrivet frå Oddekalv.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord