Bjørn Eidsvåg opnar Balejazz


Årets Balejazz opnar med ein folkekjær artist som er ein av dei mestseljande i Norge.

Bjørn Eidsvåg med band opnar nemleg årets festival i Kvikesalen fredag 3. mai. Han har med seg ein rikhaldig katalog med kjende og kjære låtar som han vil dele med publikum i Balestrand denne kvelden.

– Vi er veldig glade for at Bjørn Eidsvåg opnar festivalen i år. Han er ein av dei best likte artistane i Norge. Og det er jo berre å velje og vrake mellom kjende songar. Dette blir ei veldig flott opning, seier festivalsjef Sigurd Kvikne.

Andre namn som blir å sjå og høyre under årets festival er blant anna det ein likar å kalle eit lokalt band frå Årdal. Veteranane i Lava, som kjem med ny plate i vår, kjem til Balestrand og har med seg ingen ringare enn den danske souldronninga Hanne Boel. Det skjer også fredag 3. mai.

Dagen etter, laurdag 4.mai, blir innleia av to store, norske musikarar. Sigvart Dagsland har fått med seg pianisten Tord Gustavsen til å spele frå ein 30 år gamle låtkoffert. Det lovar svært bra for musikalsk høgtid i Kviknesalen! Det blir det også når Thea Hjelmeland inntek den same scena litt seinare på kvelden. Førde-artisten kjem til Balejazz med to rimeleg ferske Spellemannominasjonar etter siste plata si.

Ny satsing

Imens vil Balejazz servere ei heilt ny satsing på Natthuset laurdag kveld, nemleg diskotek med DJ Fredrik Saroea frå Datarock. Dette blir ei opptakt til det som avsluttar kvelden i Kviknesalen. For då kjem Balestrand sin store son heim, nemleg Kjartan Lauritzen. Fenomenet, Spotify-kongen og showpluggen avsluttar Balejazz-natta med eit forrykande show!

– I årets program er det noko for einkvar smak. Alt frå smal jazz til store publikumsfavorittar som Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland. Men det er også kjekt å kunne mønstre fleire kvalitetsartistar frå nærområdet i Sogn og Fjordane. Fylket vårt har fostra fleire gode musikarar. Og fleire av dei kjem til Balejazz denne gongen, seier Sigurd Kvikne.

Han dreg også fram ei litt ny satsing på ung musikk, som Kjartan Lauritzen, Moon Hooch og DJ Fredrik Saroea.

Årets artistar:

Bjørn Eidsvåg
Lava & Hanne Boel
Sigvart Dagsland med Tord Gustavsen
Kjartan Lauritzen
Thea Hjelmeland
Rebekka Bakken
Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen
Haakon Graf Trio
Mathias Eick m/Aase og Slettevold
Moon Hooch
The last hurrah!!
Nils Petter Molvær
Stilige Dann
Hildo
DJ Fredrik Saroea
Jazz, wine & dine med vinkelner Merete Bø og Sjur Hjeltnes
Unge talent

Balestrand sin store son, Kjartan Lauritzen, kjem også heim til årets Balejazz.