Bispevisitas i Hyllestad


-Det er 14 år sidan Hyllestad sist hadde bispevisitas, så dette blir ei fin hending både for kyrkja og samfunnet, seier sokneprest Audun Systad til Ytre Sogn.

Frå 27.november – 2.desember kjem biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug på visitas til Hyllestad. Nordhaug leiar det største bispedømet i landet, og er biskop for dei norske kyrkjene i utlandet – Sjømannskyrkja.
Det er 14 år sidan Hyllestad sist hadde bispevisitas. Det skjedde i 2004, med dåverande biskop Ole D. Hagesæther.
- Eg ser fram mot bispevisitasen som ei fin hending ikkje berre for kyrkje, men for heile samfunnet, seier sokneprest Audun Systad, som tok til som sokneprest i Hyllestad sommaren 2015.

Fullt program
– Programmet for visitasen følgjer ein viss mal, der biskopen blant anna skal besøke Hyllestad skule, flyktningtenesta i Leirvik, Kvernsteinsparken og Havyard for å nemne noko. I tillegg til mykje anna vil det også vere fleire gudstenester under visitasen, blant anna jubileumsgudsteneste i høve 150 – årsmarkeringa av Bø kyrkje i Leirvik. Dette er unntaksvis denne gangen, for vanlegvis er biskopen berre til stades når det er jubileum med runde tal, fortel han.

Viktige tema
Hyllestad kyrkje vart oppført 1879, der ombygginga i 2012 var eit prosjekt bygd opp under fellesskapstanken i kyrkja, eit prosjekt der om lag 90 personar la ned rundt 2000 dugnadstimar
- Ombygginga, modernisering og den utvida bruken av Hyllestad kyrkje vil vere eit viktig tema under visitasen. Sjølv om biskopen er positiv er det også diskusjon rundt det, og ikkje alle er einige. Så biskopen vil ha samtalar med prestane om korleis ein best kan gjere bruk av kyrkjene framover. Eit anna viktig tema er steinkrossane som er Hyllestad sin unike arv, og noko Kvernsteinsenteret har mykje kompetanse på, seier Systad.

Endra grenser
Ei omfattande endring sidan førre visitas er vedtaket i Bjørgvin bisperåd våren 2013, då Ytre Sogn prosti vart lagt ned. Hyllestad og Høyanger og bygdene på Høyanger sørsida vart lagt til Sunnfjord prosti medan Solund og Gulen vart lagt til Nordhordland prosti. Kyrkjekontoret i Hyllestad har mestedelen av perioden sidan 2004 vore lokalisert til kommunehuset.