Bispestova får eksperthjelp


Øystein Risnes frå Hyllestad får vere med som lærling når Einar Nilsson, kjent frå TV-serien «Tid for hjem», restaurerer Bispestova i Lavik.

Øystein Risnes er tømrar, men ville lære seg teknikken ved å tapetsere med jutestrie, maskinpapir og papirtapet, ein teknikk dei begynte med på 1800-talet - og framleis nyttar i dag.

–Dette er ein grei ting å lære seg og eg har ein god læremeister, seier Risnes og kikkar bort på Nilsson, som er i full konsentrasjon inne i eine hjørnet av stova.

–Risnes har praktisk forståing, interesse for gamle hus og kjenner logikken i det heile. Ved å gjere jobben på denne måten får vi ein fleksibel og flytande vegg. Teknikken er også brukt mykje på himlingar. Det er kjekt for meg å ha han med på dette oppdraget, seier Nilsson.

Les meir i Ytre Sogn fredag