Lokale nyhende frå Ytre Sogn 21. oktober 2018
Ytre Sogn 21. oktober 2018

Stadig fleire besøkjer kvernsteinsparken i Hyllestad. (Foto: Espen Mills/Norsk Kvernsteinsenter)

Besøksauke for kvernsteinsparken

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 27. januar 2018

Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad har vist positiv utvikling over fleire år, og hadde i 2017 ein auke i besøkstalet på nesten 40 prosent.

Franziska Rüttimann Storemyr, avdelingsdirektør for kvernsteinsenteret, seier at det er fleire årsaker.

– iI 2017 hadde vi fleire arrangement i kvernsteinsparken, blant anna teaterstykket «», som vi har i lag med Hyllestad skule kvart tredje år. Det trakk ein del folk. Det same gjorde kvernsteinsmarknaden og familiesøndagen, som vi har kvart år, seier ho til Ytre Sogn

Elles var det generelt meir besøk i parken, og ikkje berre tilreisande. –

Dei fastbuande er også ei viktig gruppe for oss, noko vi ikkje minst såg .då vi hadde familiesøndag og over 100 personar var innom. Så var det også nytt i 2017 at alle 9.klassane i fylket skulle ha minst eitt museumsbesøk i løpet av året. Det trakk fleire klassar frå distriktet till kvernsteinsparken. Så det er nok ein kombinasjon av fleire arrangement som trekk større grupper, samt fleire individuelt besøkjande. Det er vi sjølvsagt veldig nøgde med. seier ho.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord