Besøksauke for kinoen


Kinoen i Høyanger kunne notere seg ein besøksauke på 13 prosent i 1. halvår i 2016, samanlikna med same periode i 2015.

«Et helt halvt år» hadde 228 besøkjande i Høyanger, og var med det mest populære filmen 1. halvår i 2016. (Foto: SF Norge) «Et helt halvt år» hadde 228 besøkjande i Høyanger, og var med det mest populære filmen 1. halvår i 2016. (Foto: SF Norge)

Totalt var 3863 personar innom kinoen, som var ein auke på 450.

.- Besøket vil sjølvsagt avhenge av filmane som blir sett opp. Går det ein film dei kan tenkje seg å sjå, ja, så kjem dei og ser han. Så enkelt er det. Difor har eg også ei god kjensle når det gjeld resten av filmåret. Utover hausten kjem fleire store filmar som eg veit mange har venta på. Mange ventar med å sleppe filmar nettopp til hausten, når kinobesøket pleier å ta seg opp att, seier kinosekretær i Høyanger, Angelika Ludwig, og peikar på at no går vi inn i ei mørkare årstid.

- Då trekk folk gjerne innomhus, seier ho.

Og ein av filmane ho har tru på er «Kongens nei», som kinoen har førpremiére på fredag 23. september. Filmen omhandlar dei tre meset dramatiske døgna i Norge si historie, og vart nyleg plukka ut som Oscar-kandidaten vår.

- Filmen kjem vi også til å setje opp på seniorkinoen, seier Ludwig.

Får premiére


Same dag som «Kongens nei» blir sett opp for første gong, har dei også ein annan premiére. Då er det klart for nattkino, med «Don’t breathe». Ifølgje Ludwig er det ein skikkeleg grøssar.

- Det er ikkje ofte vi har dobbeltpremiére på ein og same dag. Så det blir bra, trur ho.
Ein annan film som mange har venta på er actionkomedien «Børning 2», der vi igjen møter Anders Baasmo Christian, no som rånaren Roy Gundersen. Den har premiére i oktober.

- Dette er ein film som ikkje minst ungdommen i Høyanger gler seg til, og som dei gjerne går og ser i lag. «Børning 2» er ein fartsfylt bilfilm, og gjer seg difor godt på stort lerret, med god lyd. Det er også det som gjer film til ei heilt anna oppleving på kino, enn å sjå han heime, på til dømes tv eller pc. Det er også meir sosialt, ved at ein treff andre og deler opplevinga, påpeikar Ludwig.

Mest populære

-Og kva filmar har trekt folk på kino i Høyanger i år?

- Den mest besøkte i 1. halvår var «Et helt halvt år». Han trakk åleine 228 personar, seier Ludwig om det ho skildrar som eit vellaga drama om eit omdiskutert tema - nemleg aktiv dødshjelp.

-Filmen er basert på boka med same namn, som vart ein bestseljar. Det var også forfattar Jojo Moyes som skreiv manus til filmen. Så mange hadde store forventningar til han, seier Ludwig.

Elles kjem som vanleg også mange barnefilmar høgt opp på lista ovr dei mest besøkte filmane.

- Barn og ungdom er dei som er flinkast til å bruke kinoen i Høyanger. Slik har det vore i alle år, seier Ludwig.