Berre Hyllestad Sp sa nei til vindkraft!


"Med å stemme ned dei to første punkta i framlegget frå Hyllestad Sp har Arbeiderpartiet, Høyre og KrF no skapt grobunn for usikkerheit for dei mange innbyggjarane som har vore tydeleg ovanfor oss politikarar" skriv Morten Askvik i innlegget sitt.

I kommunestyret i Hyllestad torsdag den 18.juni sette Hyllestad Sp fram interpellasjon om vindkraft. 



Hyllestad Sp fremja fire punkt som vi ønska vedteke av kommunestyret;
1. Hyllestad kommune seier nei til at det vert bygd ut vindkraft i kommunen


2. Det vert ikkje lagt til rette for vindkraft når arealplanen skal rullerast i Hyllestad kommune


3. Hyllestad kommune krev vetorett til kommunane og at vindkraftsaker vert behandla etter plan- og bygningslova


4. Hyllestad kommune krev at staten legg til rette for å oppgradere, modernisere og eventuelt utvide eksisterande vasskraftverk, og å endre skattereglane for vasskraft slik at det vert gunstigare for vasskrafta å investere i fornying av anlegga

I valkampen var Hyllestad Sp tydeleg på at vi vil ikkje ha vindkraft i vår kommune og at det ikkje skal leggjast til rette for vindkraft i Hyllestad. No er det mange oppslag i media om at vindkraftutbyggarane er aktive på mange stadar langs vestlandskysten. Samstundes skal Hyllestad kommune rullere arealplanen snart. Dette meiner vi er eit godt høve for kommunen å vise at vi vil ikkje ha vindkraft her. Vidare er det no i disse dagar aktuelt korleis konsesjon for vindkraftsakar skal behandlast. Auke i effekten av vasskraft kan bidra til å redusere behovet for å byggje ut vindkraft.

Vi fremma punkt 1. som seier nei til vindkraft. I avstemminga var det berre Hyllestad Sp som stemte for det punktet. Dei andre partia i kommunestyret ville ikkje vere med å seie prinsipielt nei til vindkraft!. Det er skuffande.

Punkt 2. ville gje føringar for vidare arbeid med arealplanen. Ved å aktivt skrive i arealplanen at vi ikkje legg til rette for vindkraft vil vi sende eit særs tydeleg signal til utbyggjarar, samt regionale og statlege myndigheitar om kva som er kommunen sin haldning. Det var berre Hyllestad Sp som ville gje dei signala no. Dei andre partia stemde mot. Det er skuffande.


Punkt 3. handlar om at vi lokalt skal få mynde til å avgjere vindkraftsakar. Det var gledeleg at eit samstemt kommunestyre stilte seg bak dei krava.


Punkt 4 handlar om å leggje til rette for at utnytte eksisterande vasskraft betre slik at effekten av anlegga som er i dag kan aukast. Det kan delvis komme som erstatning for vindkrafta vi ikkje vil ha på grunn av dei mange negative konsekvensar dei har. Vi er nøgd med at alle i kommunestyret stemde for det punktet.


Under interpellasjonen tok Hyllestad Sp opp behovet for ENØK-tiltak for å minske behovet for energi framover. Det er og eit viktig grep for å få til den berekraftige utviklinga vi alle må få til saman.

Med å stemme ned dei to første punkta i framlegget frå Hyllestad Sp har Arbeiderpartiet, Høyre og KrF no skapt grobunn for usikkerheit for dei mange innbyggjarane som har vore tydeleg ovanfor oss politikarar. Vi vil ikkje ha vindkraft i Hyllestad ,seier innbyggjarane. Hyllestad Sp er samd med innbyggjarane som har krevd dette.