Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. april 2020
Ytre Sogn 4. april 2020

Berit Pedersen fekk overrekt blomst og gåver av Anja Pettersen og Jonny Manseth frå Hydro Høyanger.

Berit vart takka av etter 40 år

Journalist: Sissel Tove Litzheim | Publisert: 24. desember 2019

Etter 40 år på aluminiumsverket i Høyanger, vart Berit Pedersen nyleg takka av. No er det pensjonistlivet med mann og hund som ventar.

– Det er rart å skulle ta farvel med ein trygg og god arbeidsplass etter så mange år, sa ho.


– Men det blir godt å kunne vere på hytta og ikkje måtte reise heim søndag kveld på grunn av jobb på måndag.

Torsdag sist veke vart ho takka av kollegaer for godt samarbeid, med kake og gåver.

Personalsjef Jonny Manseth gav i avskjedstalen sin eit resymé av kva som har skjedd på aluminiumsverket i Høyanger i dei åra Berit har vore tilsett. Ho starta karriera på Skrivestua med Olav Haugen som næraste overordna den 14.januar 1980. Jobben den gong var å reinskrive alt frå møtereferat til standardiserte prosessar frå avdelingane.

Eitt år var ho vikar for sekretæren på bedriftshelseavdelinga, og i 1999 tok ho over sekretærfunksjonen for verksdirektøren etter Gerd Myklebust. 


I 2003 vart det ein del omstruktureringar og Berit gjekk då tilbake til administrasjonen. Ho har sett ti direktørar komme og gå, og vore med på mange omorganiseringar. Her kan nemnast starten av hall A, overgangen frå ÅSV til Hydro, «outsourcing» av seksjonar av Hydro, og til slutt stenging av hall C.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord